HAN TRENGDE SEG FRAM



Han trengde seg fram,

var aldri redd for

 å kjempe for deg og for meg.

Han sloss for dei fattige,

sloss for dei minste,

ikkje med andre våpen enn ord.

 

Han er Guds son,

ein viktig person

no og i åra som kjem,

men likevel

blir Han ofte gløymd,

og gøymd bort straks etter jol.

 

No er det stas

å taka  Han fram,

på gater og torg og i heimane au.

Men etterpå gløym` vi Han bort,

og gøymer Han bort i ein skap.

 

Kva er det som gjer

at Han som betyr så mykje,

blir gløymd bort då eg har det bra?

 

Kva er det som gjør

at Han også blir gløymd

då eg er trist og lei?

 

Eg håpar eg hugsar gje plass,

for Han og Hans kjærlege ord,

Han som gjev kjærleiken sin

til deg og til meg likevel.

GÅ DIN EIGEN VEG



Dei snakkar om kva du skal gjere,

og om korleis du skal leve.

Nokon gonger om.

Nokon gonger til.

 

Men skal du bry deg om?

Skal du høyre på?

Og kven skal du

i så fall høyre på?

 

Ingen veit jo alt,

eller kan forstå,

for kva du tenker inni deg,

det veit berre du.

 

Så ikkje bry deg om,

kva dei andre sei.

Gå den vegen du har tenkt.

Den er rett for deg.

DÅRLEG SAMVIT



Dårleg samvit no igjen.

Kvifor har eg det?

Kvifor trur eg alltid slik,

at eg har gjort feil?

Aldri heilt fornøgd!

Kunne ha gjort  meir!

Eller kanskje annleis?

Som dei andre sa?

 

Eg må prøve endra meg,

før det er for seint.

Eg må setje krava ned,

på det som eg gjør.

Eg kan ikkje rekne med,

å alltid strekke til.

Må iblant få vera den,

som får omsorg sjølv .

FAREN MIN



 

Du kan ikkje jamt vere glad.

Det visste eg jo,

men likevel,

så ynskja eg det iblant.

 

Eg sat i fanget på far.

Kjende meg trygg og varm.

Kjende meg trygg på han.

Visste han elska meg.

 

Om eg var lei meg,

så fekk eg trøyst,

selv om eg hadde gjort feil.

Om eg var sint eller trist,

då fekk eg også trøyst.

 

Han ville jo at eg var grei.

Han ville jo at eg var glad,

men satte aldri krav,

krav på korleis eg var.

 

Tenk å ha hatt slik ein far,

som jamt kunne gje meg trøyst,

som alltid var der for oss,

for meg og familien min!

 

Eg kunne ha gjort noko dumt.

Då veit eg at han blei lei,

men likevel var eg sikker på det,

at faren min elska meg.

 

Eg kjenner en varme enno,

då eg tenker på far.

Han var au eit døme for meg,

eit døme på å vere god.

PSYKISKE TING ER TABU



Du kan ikkje jamt vere glad.

Du kan ikkje jamt ha det bra.

Det veit eg så vel,

men likevel

er det ikkje så lett.

 

Ikkje så lett å forstå seg sjølv,

Ikkje så lett å forstå kva det er:

Å ha det bra

men likevel,

vere trist og lei.

 

Men sorga er også bra.

Det har eg jo alltid sagt,

at sorg kan gje styrke og vekst.

Det er ikkje lett likevel.

 

Så er det ein ting som er bra:

Om morgon er alt så greitt.

Det er om kvelden sorga kjem fram.

Hjelp meg å hugse på  det!

 

Slik er ofte sjukdomen min.

Vekslar mellom humør:

Ein tid for glede og  ein tid for sorg.

Hjelp meg å hugse på det.

 

Vi snakkar om sjukdomar

om kvar vi har vondt,

Vondt i ein fot er greitt

Men psykiske ting er tabu.

 

For har du vondt i ein fot eller arm,

så er det så lett å forstå,

men psykiske ting som vi ikkje ser,

 er vi litt redde for.

 

Kvifor det ofte er slik,

kan eg ikkje forstå,

for sjukdom handlar alltid  om

både kropp og sjel.
 

GLEDA MI FORSVINN IKKJE



 

Av og til er det så vondr,

vondt å sjå at andre blir lei seg.

Då har eg lyst til å sei,

sei det som ikkje er sant.

 

At alt skal bli som før

då eg var ung og sterk,

at eg kan bli bra igjen,

at sjukdomen snart forsvinn.

 

Men sjukdomar kjem uansett kva vi gjør,

og eldre og svakare blir vi jo au.

Men gleda inni meg sjølv,

den trur eg ikkje forsvinn.

 

Den kan nok bli borte ein stund,

som sola på himmelen.

Men sola vil aldri forsvinne.

Det vil ikkje gleda mi hell`.

DÅ EG FEKK PARKINSONS SJUKDOM



 

Ingen kunne sjå han, ingen visste om han,

berre eg som hadde han i kroppen min.

Ingen måtte vite, ingen måtte skjønne,

berre til meg sjølv sa eg hemmeligheten min,

 

Tenkte kanskje at han då ville forsvinne,

 sjukdomen eg kjende i kroppen min i blant.

Tenkte kanskje at eg då ville vinne,

at han som hadde komi der reiste og forsvann.

EG MINNEST



 

Eg minnest at sola kom inn,

inn på vårt kjøkenbord.

Eg minnest ein symaskin,

og katten som låg og mol.

 

Eg minnest lyden då ho

trødde på sin maskin.

Elles var alt så stilt.

Vi sat der, mamma og eg.

 

Eg sat ved sida av,

med blyant og med papir,

å  teikna søte små barn

frå mammas mønsterbok.

 

Etterpå fekk eg lov,

sjå i hennes skåp,

skåpet med knapper av alle slag,

både store og små.

 

Berre mamma og eg.

Berre ro og fred.

Å vera aleine vi to,

var som ein vakker draum.



 

EINSAM OG SJUK



 

Du låg i ein korridor,

i ein sjukehuskorridor,

med sakene dine intill,

der alle trengde seg fram.

 

Det var ikkje lett å koma forbi.

Eg høyrde du ropa om hjelp.

Eg kjende deg ikkje, men likevel

forsto eg at du var redd.

 

Redd for det ukjente, redd for å vere

aleine her på sjuk`huset.

Ikkje ein hand  du kunn` halde i.

Ingen som brydde seg om.

 

Jo, sjukepleiar`ne var der jo,

snille og greie og hjelpsame au.

Men ikkje som den du har kjær.

Ikkje som den du er nær.

 

Så blei du stille,

Kva var det som hende?

Hadde du fått medisin?

Medisin som stogga uroa,

som gjorde deg roleg og still?

 

Då såg eg ei kvinne som sat ved din side.

Ei som du kjende godt.

Ho sat og haldt i din hand.

Uroa di forsvann.

 

Medisinen hjelper iblant.

Hjelpa frå ukjende au.

Men det å halde din kjære i hand,

det gjev deg fred og ro.

 

HEIMESJUKEPLEIEN I TOKKE



Heimesjukepleien er perfekt.

Kjem til avtalt tid.

Køyrer mange mil kvar dag

I eit stort distrikt.

Dårleg veg, og dårlegt ver,

stoppar ikkje dei.

Eg er alltid trygg på det

at dei kjem til meg.



 

SKULETUREN



Eg  var 9 år skulle reise

ut på skuletur om våren.

Alle andre gleda seg.

Eg var den som grua meg.

Heime var det trygt o godt.

På skuleturar der imot,

blei det ikkje slik.

Dei var ikkje bra.

 

Andre hadde planlagt då.

Kva dei planla, om dei planla

veit eg ikkje, men eg veit.

Mine planar var der ei.

 

Fyrst kom bussreisa frå skulen:

Alle var forandra då.

Ville sitje inntil vennen,

vennen som dei hadde då.

Ikkje eg, eg hadde jo,

ingen som eg stola på.

 

Alle ville koma fyrst,

knuffa, trengte ville inn,

 inn i bussen, finne plass,

plass til seg og vennen.

Eg var redd og enda meir,

 engsteleg enn eg var før.

 

Eg kom sist og håpa på,

at eg fekk ein plass endå.

Ikkje berre alle andre,

plass til meg også.

 

 

Eit år var plassane for få.

Ein for lite blei det då.

Eg kom sist fordi eg nølte.

Eg fekk sitje på ein krakk.

 

Denne turen hadde eg,

avtalt med ei anna jente,

like eismal ho som meg,

at vi skulle sitje saman.

Men vi visste ikkje då,

at eit av barna måtte stå,

eller sitje heile vegen

på ein dårleg krakk.

 

Vi bestemte då vi såg det,

eg skulle ha krakkplass bort,

på veg tilbake bytte plass,

slik at eg fekk seteplass.

Fleire mil på dårleg krakk.

Det var ikkje lett.

Vegen bort sat eg på krakken.

Ho fekk plass blant alle andre.

Vegen heim, kva skjedde då?

Også då sat eg på krakken!

 

Jenta ville ikkje sleppe frå seg

plassen som ho hadde fått.

Torde kanskje heller ikkje

 sitje på ein dårleg krakk.

 

Denne jenta hadde nok,

fleire ting å streva med.

Hadde veldig dårleg syn,

og eismal var ho au.

 

Men eg var så sint på ho,

meinte at ho hadde lova,

bytte plass med meg.

Eg var sint og sur!

 

Heimvegen gjekk ikkje bra.

Ubekvemt og heilt aleine,

Alle kunne sjå meg sitje,

vippe på ein dårleg krakk.

Såg at eg ei klara finne,

 betre plass enn det.

Ingen lo og ingen sa det,

men eg visste kva dei tenkte:

«Eg er betre, eg fann plass!

Eg kan ikkje noko før,

at du er så dum og redd.

Eg kan ikkje noko før,

at du ikkje klara finne

 betre plass på denne bussen».

 

Kvar var lærar`n,  kvar var ho?

Kvifor tok ho ikkje ansvar,

kvifor var ho ei til hjelp?

Kvifor såg ho ikkje dette?

To små barn som begge var,

redde, usikre, aleine.

Kvifor var det ingen der,

som tok ansvar og forsto?

 

 Barn kan ikkje alt bestemme.

Då vil denne loven gjelde:

Eg er sterkast, eg skal vinne!

Då vil denne loven gjelde:

At den sterkaste har rett,

og den svakaste skal vekk.

 

Ein ting lika eg på  turen.

Nista  var så delikat,

Mamma hadde laga den.

 Den var veldig god.

 

Eg trur ikkje mamma visste,

korleis turen var for meg.

Eg trur ikkje eg fortalte

 korleis allting hadde vore,

for eg visste mamma ynskja,

at eg var som alle andre,

ikkje engsteleg og redd.

 At eg hadde mange venner,

og at eg var populær.

 

 

SOMMARAVSLUTNING



 

Eg tenker på sommaravslutnig

då eg var skuleelev.

Eg tenker på fine kjolar

og krøllar i nyvaska hår.

 

Eg tenker på mamma

som alltid var med,

sjølv om ho måtte ta fri.

Eg tenker på nyplukka blomar,

som læraren skulle få.

 

Dei tankane gjør meg så glad.

Den dagen minnest eg godt.

Sommaren var så lang,

sommar med glede og sol.

 

All bekymring var  gløymd.

Alt kjendest tryggt og bra.

Mamma heldt i min hand.

Syster mi var der au.

 

Dette er gode minne

ifrå barndomen min.

Dei gjør meg så glad der eg sit,

i tankar då morgonen gryr.

 

Å IKKJE GJE ATT GJØR DEG STERK



 

«Ondt skal med ondt fordrivast».

Er dette ordtaket rett?

Vinn den sterkaste uansett,

sjølv om han ikkje har rett?

 

Mange er sterke og tøffe,

i alle fall utanpå.

Men inni seg sjølv,

inni sin sjel,

har dei det ikkje godt.

 

Eg tenkte på det i natt.

Kven er den sterkaste då?

Er det han som trur han er tøff,

og hevdar sin rett uansett?

 

Nei!

 

Å ikkje gje at gjør deg sterk.

Då får du det godt  inni deg.

Då får du fred og ro,

og angrar ingenting då.

BLOTT EN DAG



 

Blott en dag , ett ögonblick i sänder.

Vilken tröst evad som kommer på.

Allt ju vilar i min Faders händer.

Skulle jag som barn mig ängslas då.

Han som bär för mig en Faders hjärta

giver ju åt varje nyfödd dag,

dess beskärda del av fröjd och smärta,

möda, vila och behag.

 

Själv Han er mig alle dager nära,

för var särskild tid med särskild nåd.

Varje dags bekymmer vill Han bära.

Han som heter både kraft och råd.

Morgondagens omsorg får jag spara

om än oviss syns min vandrings stig.

Som din dag, så skall din kraft ock vara.

Detta löftet gav Han mig.

 

Hjälp mig då att vila tryggt och stilla

blott vid dina löften Herre kär.

Ej min tro och ej den tröst förspilla,

som i ordet mig fövarad är.

Hjälp mig Herre att vad helst mig händer

taga ur Din trogna faders hand.

Blott en dag, ett ögonblick i sänder,

tills jag nått det goda land.

 

av Lina Sandell

Å VERE DEN DU ER



 

Eg las bloggen din i stad,

og fyrst gråt eg litt ein stund.

Tenkte på på korleis det var,

då eg sjølv var ung ein gong.

 

Eg er ikkje lenger ung.

Kunne vere oldemor.

Har vi noko felles då?

Ja, det trur eg at vi har.

 

For eg har jo vore ung.

 Minnest godt korleis det var.

Minnest einsemd, minnest sorg,

minnest mange tankar au.

 

Var eg bra nok eller eg?

Syntest andre eg var grei?

Korleis klare få ein venn?

Dette lurte eg så på.

 

Svaret eg kan gje i dag

er kanhende ikkje bra.

Men eg prøvar likevel.

Vil jo gjerne hjelpe deg.

 

Det eg tenker på er det.

At du ej må vere redd,

for å vere den du er,

for å vise kven du er.

 

Hugs at du er verdifull

uansett korleis du er.

Ingen er den andre lik.

Det er det som er så fint.

 

Det var dette eg gjord`  feil

då eg sjølv var ung ein gong,

då eg prøva vere slik

som eg høyrde andre sa.

 

Om eg heller hadde tort

vere den eg virkeleg var,

ville alt ha vore betre,

mykje betre enn det var.

I BARNDOMENS RIKE



Tenk om eg kunne vere

eit lite barn igjen.

Då skulle eg ha vore

i hagen vår, i leik.

.

Der hadde eg det fredeleg.

Der var eg alltid glad.

Der fekk eg kvile mangen gong,

frå kvardagens problem.

 

Eg leika med naturens ting,

dei som eg fann der rundt ikring.

Bygde hus og gård.

 Konglane var dyr.

 

Og inni huset vårt ein stad,

var mora mi som passa meg.

Kan hende at ho ropa snart:

«Kom inn, no er det mat.»

 

Og eg sprang inn og fekk ein klem

Ho sa at ho var glad i meg,

som den gong eg var barn.

for lenge, lenge sen.
 

MITT SØSKENBARN



Eg tenker på eit barn.

Ho var mitt syskenbarn.

Kvar blei ho av då mora reiste

til sin barndomsheim?

 

Mora ho var svensk,

faren tysk soldat.

Ikkje særleg populært,

men det var slik det var.

 

Familien budde fleire år

I Frankfort am Main

Alt var så bra,

men så ein dag

blei mora hennes sjuk.

 

Ho måtte reise heim.

Fekk ikkje bu der meir.

Og Ella, syskjenbarnet,

fekk ho ikkje taka  med.

 

Fekk Ella vite sanninga?

Fekk ho vite at,

mora hennes måtte dra

frå sitt vesle barn?

 

Dypt ulykkeleg

meget sjuk,

reiste  tanta mi

tilbake til sin mor og far,

heim til Gøteborg.

 

Håpar Ella fekk det bra

hos sin Bestemor.

Håpar at ho også fekk

høyre sanninga.

Å ELSKE



Dei fleste sei det ikkje høyt.

Det er liksom for flaut,

Det å sei at dei er glad i mannen sin enno.

For då 50 år har gått

bør man kanskje vera taus.

ikkje sei: «Eg elskar deg»

slik at alle høyrer det.

Er det då så latterlig

å gå hand i hand,

å gje et kyss iblant

til sin eigen mann?

Du har vanskeleg for å gå.

Eg er krokete og grå.

Vi er gamle begge to,

men det er berre utanpå.

Kjensler har vi likevel

som i ungdomen.

For å elske handlar om

 ein slags indre glød.

Men no vil eg seia det,

sllik at alle høyrer det.

Alle skal få vite det:

Eg er glad i deg!-

EG MINNEST EG VAR SÅ GLAD



 

Eg minnast eg var så glad.

Eg minnast at alt kjendest bra.

No var det bestemt det eg håpa på,

at eg kom tilbake igjen.

 

Etter å budd i fire år,

i murhus i byen, med buss og med trikk,

skulle vi flytte tilbake dit,

dit der eg budde før,

 

 

Eg visste det ville bli bra,

eg visste eg ville bli glad,

for dette å bu i ein by,

det passa ikkje for meg.

 

Askim, det var som eit himmelrike

som låg der og venta på meg,

med skogar og myrar og stiar som eg

kunne oppdage igjen.

 

No etter fleire år,

var mykje forandra, men likevel,

freden og roen den var der enno,

i hagen vår, i skogen intill,

i engane bortanfor.

 

Og no var ho fødd,  min lillasyster,

ho som betydde så mykje for meg.

No kunne eg ta henne med,

å visa ho fram for alle eg kjende,

visa så skjønn ho var.

 

Kva gjorde det då at livet på skulen

ikkje jamt var så bra?

Kva gjorde vel det når eg etterpå

kom heim til min barndomsheim.

 

Til fuglsong, til pinnsvin som kom

heilt inn i hagen til oss,

til dyra vi såg inn ved glaset vårt,

til skogen som låg tett intill.

 

Ja det var ein lykkeleg tid.

Ein tid som eg minnast så vel.

Å få ein draum oppfylt det var,

oventa og veldig bra

 

Å vera eit barn er ikkje så greitt,

om ingen forstår kva det er,

som gjev slik uro i deg.

som gjør deg ulykkeleg.

 

Du kan ikkje endre på alt,

men eg trur dei  tenkte på meg,

mora og faren min,

den gången vi flytta heim,

den gong i barndomen min!

 

Å DELE SORG



« Takk, eg har det bra»,

høyrde eg ho sa.

Men eg kunne ana

sorga som ho bar aleine.

 

For ho ville aldri

plage oss med sorga si.

« Betre klara alt aleine»

trur eg at ho ville sei.

 

Om ho endå hadde våga

dela sorga si med oss!

Sorg skal delast,

elles blir alt for vanskeleg.
 

INGEN ER UTAN SKYLD



 Dei sa at ho hadde gjort feil.

Dei sa at ho var syndig og ond.

Ho høyrde dei ropa høgt,

og venta at dei kasta stein.

 

Ho visste at noko var sant.

Men straffen den var så hard,

hard og urimeleg stor,

ho visste ho kom til å døy.

 

Då sette Han seg bredvid

i sanden, og skreiv nokre ord.

Jesus, vår bror, sat der og skreiv.

Så sa Han roleg til  dei:

 

«Han som er utan skyld,

han kan kaste den fyrste steinen.»

 Dette  var alt Han sa,

men da la dei steinane ned.

 

For ingen er utan skyld.

Det visste dei jo frå før.

Dei skjemdest og gjekk derifrå.

Jesus og kvinna sto att.

 

Ho fekk ikkje straff likevel.

Ho var usigeleg glad,

då ho fekk hjelp av Han,

Han  som er Hjelparen vår.

 

Slik kan det au vera her.

Onde rykter kjem ut.

Noko kan vera sant.

Det meste er usanne ord.

 

Eg tenker på det iblant,

at nokon får mykje vondt,

på grunn av usanne ord,

på grunn av eit maktbehov.

 

Ingen er utan skyld.

Det burde vi tenke på,

om nokon seier no` styggt

om nabo i same bygd.

 

Og om det lik`vel er sant,

så ikkje straff dei så hardt.

Gje dei heller litt hjelp,

og tenk: «Eg har også gjort feil!»
 

KJÅRLEIK OG GODE MINNE



 

Å ha gode minne

hjelper kolossalt

då du møter motgang,

då du møter sorg.

 

Eg har gode minne

frå min barndomsheim,

mor og far som elska meg,

og som ville vel.

 

Eg fekk gode venner

i mitt heimmiljø.

Men i skuletida

var det ikkje så.

 

Kvifor blei det slik?

lærar`n var jo grei.

Kvifor var eg like vel

einsam og sjenert?

 

Kanskje var det arv,

kanskje var det sinn,

kanskje kjende eg at det

var for mange krav.

 

Men at eg fekk kjærleiken

frå min mor og far,

gjorde at eg blei

meire usårbar.

 

For om du mottek mykje kjærleik

då du er eit barn,

vil du få ein styrke

som er utroleg stor.
 

Å TA IMOT HJELP



 

Å ta imot hjelp er ikkje lett.

Du vil jo helst vere heilt perfekt.

Vise deg som ein stor ressurs

Vise at du er sterk og tøff.

 

Lettere då å vere til hjelp,

å vere den som alltid veit mest,

som andre ser opp til og seier til:

Du er så flink og så klok,

 

Men ofte så kjem den dagen du må

be andre om hjelp, ta imot hjelp.

Husk då på;

Du er ikkje svak eller dum.

Du er heller modig og klok.

EIn kort presentasjon av meg


 
 

Eg er ei 71 år gamal kvinne., som heiter Gun Monika Wik. Eg bur no på helsesenter sida juni  i år Eg flytta dit, fordi eg fekk meir behov av hjelp på grunn av sjukdomen eg har hatt i 12 år (Parkinsons sjukdom). 

Eg begynte å skrive dikt som ein slags terapi. Fyrst skreiv eg berre for meg sjølv. Etter kvart fann eg ut, at dikta mine  kunne vere til hjelp for andre. Eg starta då ein bloggside i Blogg.no og i Facebook og bruka namnet Diktatfia.

Det var i tida 2013- 2015 eg skreiv dikta. No er det sjeldan eg skriv.

Dei  fleste av dei dikta eg legg ut no har eg hatt på sidene mine før. Det er sikkert nokon av dere lesere som kjenner dei att. 
 

BEKKENS MELODI

Eg har alltid likt å høyre

bekkens melodi,

der den renn så fort forbi,

utan pause, utan stans.

 

Eg står att og ser.

 

Eg har alltid kjent ein lengsel

då eg høyrer, då eg ser

bekkens ville ferd,

ned frå fjell og gjennom dal.



 

Eg vil fylgje med!

 

Men ingen klare stoppe den.

Ingen klarar temme den.

Som symbol på fridomen

renn den mot det opne hav.

 

Havet tek imot

 bekken når den kjem.

Eg kan høyra havet seier:

 

Ver velkomen heim.

Eg er glad du kjem!

DET ER HER EG VIL BU



Uroa er der.

Den går ikkje bort.

Korleis vil framtida bli?

Sjukdom tenkte eg lite på.

Tanken kjem nærare no.

 

Det å bu heime er det som betyr

full harmoni, glede også.

Men om eg treng

dagleg hjelp?

Det må eg au kunne få.

 

Eg må ha skogen og heia innmed,

leve og vere nær.

Eg kan ikkje bu på ein plass der det er

plenar, gater, trafikk.

 

Fridomen min set eg høgt,

fridom, og einsemda her.

Å bu på ein tettbebygd plass,

det er utenkleg for meg.

 

Så eg klorar meg fast i eit tre

som katten om dei tek meg med

dit eg ikkje vil bu

Det er her eg vil leva og dø.

 

 

HJELP MEG Å HUGSE PÅ DET



I natt har eg sove så godt.

Det gjorde eg ikkje i går natt.

For då kom tankar om sjukdom og sorg.

Då kom min uro for alle ikring.

Men var eg til støtte og hjelp?

Det trur eg ikkje eg var.

 

For uroa mi kan jo ikkje gje hjelp.

Det veit eg så vel, men likevel

så ligg eg å tenker på mange problem,

og trur det eg tenker er sant.

 

Eg gløymer vi har ein kjærleg Far

som ser kva som skjer med alle ikring.

Og Han ordner opp, for deg og for meg,

gjev støtte og glede og hjelp.

 

Så kvifor bekymrar eg meg?

Det tek berre glede og ro

ifrå min urolege sjel.

Hjelp meg å hugse på det!

HAN ER DEN GODE HYRDE



 

Eg vakna med uro inne i meg.

Eg drøymde ein merkeleg draum

om noko med magisk kraft,

at noko kunn` skje med meg.

 

Eg trur ikkje på magi,

og prøva å sove igjen,

men sømnen kom ikkje att.

Så då gjekk eg inn hit i stad.

 

Eg sto der i fullmåneskin.

Såg over skog og fjell.

Månen var stor og rund,

vakker som aldri før.

 

Så tenkte eg på Jesus som sa:

«Eg er den gode  hyrde som passar på deg

kvar einaste dag..

Du kan vere roleg og trygg

fordi at eg passar på deg.»

 

Då kom det ein ro inn i meg.

Han passar på meg også,

som hyrden på lammet sitt,

au i den mørkaste natt.

 

Han vil ikkje miste eit einaste lam.

Han vil ikkje miste meg.

Han passar på meg i natt.

Det gjorde meg trygg og varm.

TAKK FOR ALLE GÅVENE EG FÅTT

Takk for alle gåvene eg fått.

Takk for maten på mitt bord.



Takk for at eg har ein eigen heim.

Takk for at min heim er varm og lun.

 

Takk for eg fekk sove no i natt.

for det gav meg kraft og levnadsmot.

Takk for håpet Du meg gav.

Takk for kjærleiken på jord!

 

PSYKISKE TING ER TABU



 

Du kan ikkje jamt vere glad.

Du kan ikkje jamt ha det bra.

Det veit eg så vel,

men likevel

er det ikkje så lett.

 

Ikkje så lett å forstå seg sjølv,

Ikkje så lett å forstå kva det er:

Å ha det bra

men likevel,

vere trist og lei.

 

Men sorga er også bra.

Det har eg jo alltid sagt,

at sorg kan gje styrke og vekst.

Det er ikkje lett likevel.

 

Så er det ein ting som er bra:

Om morgon er alt så greitt.

Det er om kvelden sorga kjem fram.

Hjelp meg å hugse på  det!

 

Slik er ofte sjukdomen min.

Vekslar mellom humør:

Ein tid for glede og  ein tid for sorg.

Hjelp meg å hugse på det.

 

Vi snakkar om sjukdomar

om kvar vi har vondt,

Vondt i ein fot er greitt

Men psykiske ting er tabu.

 

For har du vondt i ein fot eller arm,

så er det så lett å forstå,

men psykiske ting som vi ikkje ser,

 er vi litt redde for.

 

Kvifor det ofte er slik,

kan eg ikkje forstå,

for sjukdom handlar alltid  om

både kropp og sjel.

Les mer i arkivet » Desember 2016 » November 2016 » Oktober 2016
hits